acceptedPage 1Page 1clockclosePage 1facebookPage 1Page 1linkedinPage 1Page 1searchsearchtwitterPage 1must-bg

Forskningsprosjekt med nye funn på Avaldsnes

Samarbeider om nye funn i middelalderhamn.

Stavanger maritime museum er sentral i eit forskningsprosjekt som skal avdekka nye funn frå middelalderhamna nedanfor Avaldsnes på Karmøy.

- Me skal kartlegga hamna nedanfor Avaldsnes og håper vidare å heva Avaldsnes- båten og stilla han ut på Avaldsnes, fortel prosjektleiar og maritim arkeolog Arild Skjæveland Vivås.

Han er prosjektleiar for samarbeidet for forskingsprosjektet Maktens Havn, der Stavanger Maritme Museum, Avaldsnesprosjektet, Arkeologisk Museum AS, Saga Subsea og Geopluss samarbeider. Saman skal dei kombinera teknologi og arkeologi.

Dei har fått 500 000 kroner frå Sparebankstiftelsen SR-Bank til prosjektet, ein svært viktig økonomisk støtte.

Avaldnes har vore europeisk maktsenter gjennom årtusenar. Her har det vore mange utgravingar. Men hamna har det ikkje vore utgravingar av.

- Nå er me endeleg i gang, seier ein fornøgd prosjektleiar.