Boklansering på IDDIS

«HARDANGER STAVANGER» av Geir Egil Bergjord

Velkommen til lansering av Geir Egil Bergjords fotobok «HARDANGER STAVANGER» på IDDIS i Andasmauet 15, 18. november kl. 18-20.

Boklanseringa tar form av ein samtale mellom Bergjord og byantikvar Hanne Windsholt. Bildemateriale i boka, som viser Tau-ferja sett frå vindauge i private husvære og tronge smau i havneområdet, blir inngangen til ein samtale om byutvikling i lys av Stavanger si havnehistorie. Anne Tove Austbø ved Stavanger maritime museum er moderator for samtalen.

Om boka: «HARDANGER STAVANGER» er satt saman av stillbilde frå filmprosjektet «Tur-retur STAVANGER». Tau-ferja som kjem og går i Østre havn er filma frå Grasholmen, Verven, Bekhuskaien og Fiskepiren i Stavanger, og i boka blir bilde frå 65 ulike klipp presentert i sekvens over 130 sider. Boka har inviterte tekstbidrag i form av ein kunstfagleg tekst av Helga Nyman og eit essay i transportsosiologisk perspektiv av kunst- og arkitekthistorikar Even Smith Wergeland, samt havnehistorisk bidrag frå Anne Tove Austbø og etterord av Bergjord sjølv.

Filmprosjektet «Tur-retur STAVANGER» vart stilt ut som fleirkanals videoinstallasjon i «hovedrom 1» i første etasje i Stavanger maritime museum i perioden 12.11.2020–15.08.2021. Dokumentasjon frå utstillinga er tilgjengeleg på: www.bergjord.com/tur-retur

Boka er på 160 sider med stivbind og gis ut på Gilka forlag. Boktittelen «HARDANGER STAVANGER» er henta frå skroget på ei av ferjene i det nedlagde Stavanger–Tau sambandet. Utgjevinga er produsert med støtte frå DSD, Norled, Stavangerregionen Havn IKS og Stiftelsen Fritt Ord.